Julianne skal fortelje om "Historisk morskap"

Publisert Sist oppdatert

Nordfjord Folkemuseum inviterer til foredraget «Historisk morskap» med Julianne Rydberg, torsdag 24. april. Etter foredraget blir det omvising i utstillingane "Attåt" og "Saman".

Julianne Rydberg

Julianne Rydberg er historikar og populærvitskapleg formidlar med spesialisering i morskapets historie og samfunnsrolle. Ho er særleg oppteken av korleis fellesskap påverkar folkehelse og kan forebygge einsemd og står mellom anna bak den populære instagram-kontoen @historisk morskap.

Med utgangspunkt i kvinnehistorie og morskapet si rolle i samfunnsutviklinga, vil ho sjå nærare på samanhengen mellom fellesskap og folkehelse og korleis vi kan bruke historisk innsikt til å skape eit sterkare lokalsamfunn. Julianne er oppteken av korleis historia påverkar vår identitet og vilje til ei framtid der fellesskap og omsorg er vesentlege verdiar.

Kulturhistoriske utstillingar

"Saman" er årets temporære utstilling, og handlar om korleis vi har levd saman, og om korleis dette har endra seg frå det gamle bondesamfunnet til i dag.

Til alle tider har vi budd og levd saman på ein eller annan måte. Historisk har formålet med samlivet vore forskjellig. Det har også alltid funnest folk som levde på andre måtar enn fleirtalet, og synet på dei har variert opp gjennom tidene.

"Attåt" handlar om mange av dei ulike attåtnæringane og yrke som folk har hatt ved sida av gardsarbeidet her i Nordfjord på 1800- og 1900-talet. Utstillinga vil gje deg eit innblikk i ulike manns- og kvinnenæringar. Livet på garden var hardt, og når mennene reiste ut for å finne arbeid vart kvinnene att for å drive garden. Var det forskjell på arbeidet mellom kvinner og menn?

Powered by Labrador CMS