Denne gjengen skal spele på Sandane for første gong på over 40 år
New Jordal Swingers er klare for Sandane og kultursalen i Trivselshagen fredag kveld.
New Jordal Swingers er etter 50 år med aktiv turnering ute på ei siste runde for å ta farvel, og Sandane er stoppestad 20. september.
Det opplyser Gloppen Musikkforum i ei pressemelding.
Artikkelen held fram under annonsen.
Tidenes Norsktoppen-favoritt
Bandet har for lengst passert 4.000 konsertar, over ein halv million selde plater og har 20 platetrofé på samvitet, og som Casino Steel skal ha uttalt: «Det finst utkantstrøk i Noreg berre kongen og New Jordal Swingers har besøkt!»
I løpet av karrieren har bandet spelt saman med Chuck Berry, Scotty Moore, James Burton og D.J. Fontana. I 2015 vart dei attpåtil innlemma i Rock-A-Billy Hall Of Fame i Jackson,USA.
Mellom New Jordal Swingers sine mange originalhits, finn vi titlar som «Railroad Man», «Turn On To The Music», «Helpless girl», «Free And Easy», «Tornerose», «Før lyset brenner ned», «Speilet» og «Belfast Cowboy». «Mama’s Got The Blues» toppa Europatoppen, «Rock Machine» blei kåra til tidenes Norsktoppen-favoritt 23 år etter utgivinga, og tittellåten til filmsuksessen «1958» blei ein av bandet sin aller største seljarar.
Frå Aulaen til Trivselshagen
I samband med avskjedsturneen lanserer Universal «NJS Beste! 50 år med rock’n’roll», ei ny speleliste der alle bandet sine album for første gong er godt representert.
– Med eit såpass aktivt turnéliv som det New Jordal Swingers har hatt, skulle ein tru dei har vore innom Sandane i moderne tid, men vi må blade så langt tilbake i kalenderen som til mars 1980 og april året etter for å sjå kva tid dei heldt konsert på Sandane sist, seier pressesjef i Gloppen Musikkforum, Øyvind Aasen Gloppestad.
– Den gongen, ei god stund før eg sjølv var påtenkt, gjekk det føre seg i Aulaen, men no kan eg glede meg til å sjå og høyre dei i Trivselshagen, held han fram.
New Jordal Swingers har utvida mannskapet for denne turneen, kvintetten er supplert med ei tremanns blåserekke.
– Så her blir det fullt trykk i gjenhøyret av gamle slagerar, smiler pressesjefen.