Mange tungbilar kontrollerte
Biltilsynet hadde laurdag kontroll på Kjøs og fleire ting vart avdekka. I alt 49 tunge og 13 lette køyrety vart kontrollerte.
Ein sjåfør mangla bombrikke i lastebilen sin, noko som vart løna med eit gebyr på 8000kr i gebyr.
Ei avskilting
Ein sjåfør måtte fjerne gjenstander i frontruta før han fekk køyre vidare. Ein annan måtte sikre lasta betre før han fekk køyre frå kontrollplassen.
Ein personbil vart avregistrert, og fører vil bli meld for mellom anna å ha ulovleg senka kjøyretøyet. Senking var gjort ved at fjører var kappa. Bilen hadde i tillegg ulovleg monterte lys og sota lykter. Bilen må reparerast og visast ved ein av statens vegvesen sine trafikkstasjoner for å kunne registrere bilen på nytt.