Arkivfoto frå Gloppen Musikkfest.

Musikkfesten er avlyst

Gloppen Musikkfest skriv i ei pressemelding at den planlagde festivalen i byrjinga av september vert avlyst. Arrangøren melder samstundes at det blir klassiske konsertar i Gloppen til hausten likevel, og at både Det Norske Kammerorkester og Erlend Apneseth med bestillingsverket kjem til festivalen i september 2021. 

- 3.- 6.september vil vi arrangere kammerkonsertar i Gloppen tilpassa koronasituasjonen. Det blir fire konsertar i kultursalen i Trivselshagen og Vereide kyrkje, med eit utsøkt knippe av dei beste kammermusikarane Noreg har å by på og musikk til trøyst og oppmuntring. Vi held oss til dei rammene myndighetene gir oss moglegheit til å arrangere innanfor, med tanke på smittevern, antall publikummarar, avstand med meir, skriv styreleiar Hanne B. Oftedal og dagleg leiar Samuel Skrede i pressemeldinga.

Billettar kjem til å bli lagde ut for sal når retningslinene frå styremaktene er klare.