– Er veldig flott om mange frå Gloppen møter opp

Firda-rektor Hallgeir Hansen.

Tilbodsstrukturen for dei vidaregåande skulane i Vestland er tema for eit stormøte i Operahuset Nordfjord tysdag 30. april.

Både fylkespolitikarar, lokalpolitikarar og administrasjon i Vestland fylkeskommune vil delta på møtet. Dei fire vidaregåande skulane i Nordfjord vil vere representerte, og møtet er elles ope for alle som ønskjer å delta.

– Vil ha mykje å seie

Arbeidsgruppa som har lagt fram eit forslag om ny tilbodsstruktur i dei vidaregåande skulane i Vestland, har mellom anna foreslått å fjerne studiespesialiserande utdanningsprogram frå Firda vgs. og Måløy vgs.

Artikkelen held fram under annonsen.

Det har vekt reaksjonar også i næringslivet.

Gloppen Næringsorganisasjon (GN) er mellom aktørane som vil vere til stades på stormøtet tysdag.

– Dette vil ha mykje seie både for skulen, næringslivet og heile Gloppen, seier dagleg leiar i GN, Vegar Sårheim.

Håpar mange møter opp

GN-leiaren peiker på at mange bedrifter har tilsette som starta eit studieløp mot høgare utdanning nettopp på studiespesialiserande utdanningsprogram ved Firda. Å leggje ned tilbodet vil ha store følgjer, påpeiker han.

– Vi har vore klare på at dersom ein fjernar studiespesialiserande, ser vi på det som det første steget mot å leggje ned skulen. Studiespesialiserande er grunnmuren i tilbodet til Firda, legg Sårheim til.

Vegar Sårheim er dagleg leiar i Gloppen Næringsorganisasjon.

Representantar frå GN vil halde innlegg under møtet, og organisasjonen har oppmoda glopparane om å ta turen til Nordfjordeid tysdag.

– Vi må seie klart frå, seier Sårheim.

– Vi oppmodar om kjenne si besøkstid. Her er det opning for at kven som helst kan melde seg og ta ordet.

Artikkelen held fram under annonsen.

Også Firda-rektor Hallgeir Hansen oppmodar folk om å kome på møtet på Nordfjordeid.

– Det er ope for innlegg frå folk flest. Det er veldig flott om mange frå Gloppen møter opp og engasjerer seg for saka. Dette er ei viktig sak for Firda og Gloppen som skulestad, seier Hansen.

Programmet for møtet

Programmet for møtet på Nordfjordeid ser slik ut:

– Innleiing/velkommen ved Åsmund Berthelsen, leiar i utvalet for opplæring og kompetanse

– Fylkesadministrasjonen legg fram informasjon om behov, utvikling og saksgrunnlag

– Rektorane på Firda vgs., Måløy vgs., Eid vgs. og Stryn vgs. held innlegg

– Ope for innlegg frå publikum

– Avslutning, takk for oppmøte og prosess vidare ved Åsmund Berthelsen

Artikkelen held fram under annonsen.