Det er du sjølv som er ansvarleg for å sjå til at alt stemmer i skattemeldinga di. Derfor ber Skatteetaten deg til å sjekke henne, før fristen går ut tysdag 30. april. Foto: Terje Pedersen/NTB/NPK.

Fristen for å levere skattemeldinga går ut i dag

Ved midnatt tysdag 30. april går fristen for å levere skattemeldinga ut.

– Alle bør opne og sjekke skattemeldinga. Om du ikkje sjekkar henne, brukar Skatteetaten opplysingane som ligg der frå før. Det kan bety at du risikerer å betale for mykje skatt, for eksempel om du ikkje har ført inn eit frådrag som du har krav på, eller at vi brukar feil opplysingar, seier divisjonsdirektør Marta Johanne Gjengedal i Skatteetaten i ei pressemelding.

Gjengedal oppmodar også folk til å sjå at opplysingane om formue, bustad og lån stemmer. I fjor viste statistikken at det er fleire som har noko å tene på å sjekka skattemeldinga godt. Etter at skattemeldinga var levert, var det fleire som fekk pengar til gode og færre fekk restskatt, samanlikna med beløpa før dei gjekk inn og sjekka.

Artikkelen held fram under annonsen.

Alle er sjølve ansvarlege for å sjå til at opplysingane er riktige. (©NPK)