Idrettsforbundet har vedtatt at Førde Arena skal vere nasjonalanlegg for Norges Vektløfterforbund. Her er forbundspresident Stian Grimseth (t.h.) og utøvar Solfrid Koanda. Foto: Christoffer Andersen/NTB/NPK.

Vektløftarforbundet får nasjonalanlegg i Førde

Styret i Norges idrettsforbund (NIF) vedtok torsdag ei innstilling om nasjonalanlegg for Norges Vektløfterforbund (NVF) i Førde.

NVF-president Stian Grimseth har lenge jobba for vedtaket. Det er Førde Arena som skal fungere som nasjonalanlegget for idretten.

– Det er i dag seks nasjonalanlegg i Noreg, og berre eitt av desse er for ein sommaridrett. Norges Vektløfterforbund er både stolt og audmjuk over denne tilliten frå Norges idrettsforbund, og vil stå på vidare for å vise oss tilliten verdig. EM 2016 i Førde vart proklamerte som det beste EM-et nokosinne. Ambisjonen for VM 2025, som er tildelt Førde, er medaljar til norske utøvarar, og dessutan at dei same velvalde orda endå ein gong skal samanfatte meisterskapen, seier Grimseth i ei pressemelding.

Artikkelen held fram under annonsen.

Vedtaket til idrettsstyret:

* Idrettsstyret vedtok etter søknad frå Norges Vektløfterforbund å innstille til Kulturdepartementet på at Førde Arena skal bli nasjonalanlegg for vektløfting.

* Idrettsstyret føreset at arenaen innfrir krav til å halde internasjonale meisterskapar.

(©NPK)