Maren tok gull nummer to på to dagar

Publisert

Fredag vann Maren Hjelmeset Kirkeeide gull på sprinten i NM i skiskyting og sikra seg kongepokalen. Laurdag følgde ho opp med ein ny medalje av edlaste valør då ho vann fellesstarten på Os i Østerdalen i overlegen stil.

Sjølv om ho bomma tre gongar i løpet av dei fire skytingane, kom ho i mål over minuttet framfor dei næraste utfordrarane, og sikra seg med det sitt femte individuelle NM-gull. 

Søndag er det stafettar i noregsmeisterskapen.

Powered by Labrador CMS