– STIL fotball er ein sprek og vital 100-åring og ein viktig klubb i krinsen, sa nestleiar i NFF Sogn og Fjordane, Bente Hermansen, då ho overrekte 100-årsplaketten frå Norges Fotballforbund til leiar i STIL fotball, Gro Pleym Iversen.

Feira 100 år med fotballglede

Med historiske tilbakeblikk, prisdryss, helsingar og herleg julemat vart STIL fotball sitt 100-årsjubileum feira på Gloppen Hotell fredag kveld.

Idretten skaper mykje glede – både for utøvarar, støtteapparat og publikum – og gjennom 100 år har fotballen i STIL bidrege til å spreie glede i lokalsamfunnet.

– Idretten er ein viktig sosialiserings- og læringsarena der born og unge får oppleve tilhøyrsle, fellesskap og meistring. STIL fotball gjer i så måte ein fantastisk jobb, sa ordførar Arnar Kvernevik i si helsing til jubilanten.

Kring 330 utøvarar i dag

Fredag var spelarar frå ulike epokar, støtteapparat og inviterte gjester samla på hotellet for å feire. Leiar i fotballgruppa, Gro Pleym Iversen, losa forsamlinga trygt gjennom kvelden i lag med éin av trenarane, Lars Endre Gimmestad.

Artikkelen held fram under annonsen.

Lars Endre Gimmestad og Gro Pleym Iversen var konferansierar.

Sandane fotballag vart formelt skipa 10. januar 1923, og i ein startfase vart det spelt fotball under svært primitive forhold på Utstillingsplassen på Øyrane. I si helsingstale frå kommunen la ordførar Arnar Kvernevik vekt på at det har skjedd ei enorm utvikling sidan den tid. I dag har fotballgruppa kring 330 utøvarar og 120 frivillige som står på for å skape god og inkluderande aktivitet.

– Dette bidreg til inkludering, fellesskap, helse, utdanning og likestilling, påpeika Kvernevik.

Jan Nik. Hansen og Svein Kristiansen formidla historia til STIL fotball på ein framifrå måte.

Gjer ein uvurderleg innsats

Frivillig innsats er sjølve grunnmuren i alle norske fotballklubbar.

– Utan denne innsatsen hadde det ikkje vore mogleg å oppretthalde det store aktivitetstilbodet i norsk fotball. Dei 120 frivillige i STIL fotball er rett og slett uvurderlege, både for klubben og lokalsamfunnet, slo ordføraren fast.

Pyntinga viste at ein har sans for detaljar.

Den overordna målsettinga for Gloppen kommune er å skape ein rikare kvardag for innbyggjarane.

– På idrettssida har vi mange gode anlegg for ein kommune på vår storleik. Dette er viktige sosiale møteplassar for folk i alle aldrar og er med på å gjere liva våre rikare, meinte han.

Oppmøtet på jubileumsfesten var godt.

Ein dyktig arrangør

STIL fotball har utmerka seg med sitt aktive arbeid for å inkludere og førebyggje utanforskap.

– De legg til rette for at alle skal kunne delta uavhengig av økonomi, og finn løysingar på kulturutfordringar som til dømes språk. Her har de gått føre som eit godt døme for andre lag- og organisasjonar, sa ordføraren.

Artikkelen held fram under annonsen.

Asbjørn Midthjell og Jørund Walseth vart tildelt diplom som takk for særskilt godt arbeid for fotballsporten i Sogn og Fjordane. Bente Hermansen stod for utdelinga.

Dei siste åra har KM i futsal blitt arrangert i Gloppen og Trivselshallen.

– Dette takka vere STIL fotball som dyktig arrangør og at vi har eit så flott anlegg der store arrangement kan gjennomførast. STIL fotball gjer ein strålande jobb med arrangementet og er med på å setje Gloppen på kartet, sa han, og takka til slutt fotballgruppa for den flotte jobben som blir gjort for å skape viktige sosiale fellesskap for born og unge i kommunen.

Fire A-lagsspelarar fekk utdelt prisar. Utviklingsprisen gjekk til Ludvig Gimmestad, Spelarane sin spelar gjekk til Magnus Nikolai Bolseth, Årets spelar gjekk til Martin Hukset, medan Årets toppscorar gjekk til Hallvard Bjotveit.

Historiske tilbakeblikk

Jan Nikolai Hansen og Svein Kristiansen hadde fått i oppgåve å gå gjennom fotballhistoria og serverte to interessante bolkar med historiske tilbakeblikk under jubileumsfesten. Duoen hadde også leita fram ein del bilete som dei viste fram, og brukte tida til å skildra både opp- og nedturar på fotballbana. Samtidig viste dei til anlegg som har vore viktige for sporten. Idrettsplassen på Sandane vart bygd i 1931, Firdahallen kom i 1965. Kunstgrasbana i Sandane Idrettspark stod klar i 2008, og få lag har så gode fasilitetar som STIL har i dag.

Ein forgylt fotball pynta opp.
Julemat stod på menyen under festen.

– Lovar god for framtida

Steinar Sægrov vart invitert fram og fortalde om damefotballen og Roselaget i STIL, medan dommaransvarleg Steinar Holvik vart intervjua om si fantastiske dommarkarriere.

Atle Nygård, Steinar Sægrov og Jan Nik. Hansen framførte ein eldre fotballsong.

– I dag er STIL ein breiddeklubb, der borna er i fokus. STIL fotball er ein tydeleg samfunnsaktør og ein viktig initiativtakar i lokalsamfunnet. Fotballgruppa har ein god leiar som vil STIL vel. Det lovar godt for framtida, sa Svein Kristiansen.

Kake høyrer med når det er jubileum.