Løypemelding – økonomi

Overskrifta er henta frå ei orienteringssak i kommunestyret 24. april i år. Denne gjev grunn til ettertanke.

I budsjettida i fjor haust vart det mana til måtehold og økonomisk innstramming av administrasjonen. Det er ikkje så uvanleg. Det er nødvendig for å sikre kommunen nødvendig handlingsfridom framover.

Artikkelen held fram under annonsen.

Gloppen Senterparti gjekk inn i budsjettarbeidet med eitt mål for auge. Budsjettet for 2024 skulle vere i balanse og alle åra i økonomiplanen skulle gå i pluss. Som einaste parti fremma Sp eit heilskapleg budsjett og økonomiplan som alternativ til kommunedirektøren sitt framlegg og som stetta våre eigne mål. Dessverre fekk vi ikkje fleirtal for dette.

Partia som i valkampen gjekk høgt ut og flagga økonomisk styring enda til slutt med å sikre fleirtal for eit budsjett med eit underskot på nærmare 6 mill. kr. Økonomisk styring?

Det som likevel var det alvorlege i dette, var utspela frå sentrale politikarar om at løysinga måtte vere å selje unna kraftverdiar for å få ned lånegjelda.

Ja, Gloppen kommune har store kraftverdiar. Verdiar som generasjonar i over hundre år har opparbeid og som har tent Gloppen-samfunnet godt, både gjennom årlege tilskot og gjennom ekstraordinære uttak når det har krevst (t.d. Trivselshagen).

Ville det ha vore rett å realisere desse verdiane for at vi no i ein kort periode kunne ha «flotta oss» med eit for høgt drifts- og investeringsnivå?

Gloppen Sp meiner heilt klart NEI. Heldigvis fekk vi fleirtal for at dette skal ein ikkje gjere. Gloppen Senterparti har programfesta at desse verdiane skal ikkje seljast.

Kva har så dette med løypemelding – økonomi å gjere?

Jau, det viser at historia gjentar seg. Gloppen kommune får i år eit rekordhøgt utbytte frå kraftverdiane sine. 9 mill. kr. meir enn venta i vedteke budsjett.

Artikkelen held fram under annonsen.

Kraftverdiane som enkelte vil selje har nok ein gong «sikra» kommuneøkonomien i Gloppen.

Sp si kommunestyregruppe,

Per Jarle Myklebust