Eivind knuste krinsrekord

Ein svært seigliva krinsrekord i friidrett vart sletta laurdag. Det var Eivind Øygard frå Jølster som knuste Svein Førde, Breim IL, sin rekord på 3000 m frå 1979. Den nye rekorden vart sett på Fana Stadion.

Svein Førde sin rekord, som altså vart 41 år, lydde på 8.13.1, medan Eivind Øygard suste inn til 8.06.71. Dette er sjølvsagt ei glimrande tid, men at det skulle gå 41 år å slå Svein Førde sin rekord, viser kor god han var. Førde tok NM-bronse på 1500 m i 1978.

Eivind Øygard: Eivind Øygard som hare for Håvard Klakegg under Sparebankleikane på Byrkjelo stadion i 2018. Foto: Hallstein Dvergsdal