Idrettspresident Berit Kjøll kan smile over at det blir opna for all barne- og ungdomsidrett frå 1. august.Foto: Stian Lysberg Solum/NTB scanpix.

Avstandsregelen i barne- og ungdomsidretten blir fjerna 1. august

Regjeringa godtek meir uavgrensa aktivitet for barn og unge i idretten frå 1. august. Det er klart etter eit møte mellom idrettspresidenten og kulturministeren.

«Fra 1. august gis det unntak fra avstandskravet i covid-19-forskriften ved gjennomføring av konkurranser der alle deltakerne er under 20 år og aktiviteten ikke kan utføres som normalt dersom en skal overholde avstandskravet til enhver tid. Åpningen forutsetter at smittesituasjonen på det tidspunktet tillater det», skriv Kulturdepartementet i ei pressemelding.

Idrettspresident Berit Kjøll hadde tysdag møte med kulturminister Abid Raja (V), der ho kom med krav om ei større opning for aktivitet for barn og unge.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Avgjerda til regjeringas er utruleg viktig og ei sann lette for alle barn, unge og for heile idrettsrørsla. Det er ei klok avgjerd og vil bidra til å redusere risikoen for fråfall i barne- og ungdomsidretten. No har dei unge utøvarane våre verkeleg noko å sjå fram til etter fellesferien, seier Kjøll.

Letten i koronaregelverket inneber at det blir opna for kampar og andre konkurransar for barn og unge opp til 19 år.

– Vi er mange som er utolmodige på vegner av idretten, meg sjølv inkludert. Det er reguleringane til helsestyresmaktene som set avgrensingar for aktivitet. Eg er glad for at eg i dag kan informere om at det igjen kan opnast for vanleg barne- og ungdomsidrett. Det kan konkurrerast innanfor grensene til dei respektive idrettskrinsane frå 1. august. Det betyr mykje for mange, seier Raja.

(©NPK)