Skei omsorgsenter får etter alt å dømme det nye rehaboliteringssenteret i Sunnfjord.

Skei får rehabilitering

På siste møte for Fellesnemnda for ny kommune i Sunnfjord kommune låg det føre ei sak om organisering av institusjonstenestene  i den nye kommunen.



I tilrådinga frå prosjektleiar og kommande kommunedirektør Ole John Østenstad blir Skei omsorgssenter peika ut som senter for rehabilitering med sjy plassar.

Nytt bygg

-Skei omsorgssenter har ei nybygd korttidsavdeling med rehabiliteringsplassar og tilrettelagt treningsareal. Det vert tilrådd at ei rehabiliteringseining med 7 plassar vert etablert ved Skei omsorgssenter.

I dag er det totalt fem rehabiliteringsplassar i Sunnfjord, men med framtidig endring i folkesamansetnaden vil det bli behov for sju, meiner Østenstad som altså vil samle rehabiliteringsplassane på Skei.

-Eiga rehabiliteringsavdeling stiller ikkje berre krav til kompetanse hjå dei tilsette på
avdelinga, men det krev også at vi har tilgang på tilstrekkelege ressursar når det
gjeld legetenester, fysio- og ergoterapitenester, heiter det i saksutgreiinga til Østenstad. Saka vart samrøystes send vidare til utval for helse og omsorg i den nye kommunen.

Det ombygde og utvida Skei omsorgsenter sto ferdig våren 2016