F.v. Thomas Føleide og Kristina Ianke i Nordfjord Aktiv, Kjell Morten Eide i butikkgruppa og Dagfinn Nyhammer i Fjellhug/Vereide IL.

I kveld er butikkane lenge opne

Torsdag 25. april blir det gateløp, aktivitetar ved fjorden og langopne butikkar på Sandane.

– Det blir mange gode tilbod folk kan nytte seg av, og så ønskjer vi å skape liv og røre i sentrum, fortel Kjell Morten Eide ved Yrkes- og fritidsklær, som er med i komiteen for arrangementet.

Torsdag 25. april inviterer butikkgruppa til kveldsope på Sandane.

Artikkelen held fram under annonsen.

Ønskjer å fremje lokal handel

Butikkane ønskjer å fremje lokal handel og vil ha ulike tilbod denne dagen.

Dei som handlar over ein viss sum i butikkane får eit lodd og er med i trekninga av tre gåvekort.

– Å få folk til å handle lokalt, det er tingen. Det er ikkje til å leggje skjul på at mange butikkar kan slite. Vi ønskjer at folk skal sjå at vi har utvalet på Sandane, seier Eide.

Butikkane vil gjere det hyggjeleg utanfor butikklokala òg, fortel han.

Tek opp att tradisjonen

Under kveldsope blir det også eit comeback for Senterløpet, som ikkje har vorte arrangert på mange år.

Fjellhug/Vereide IL står som arrangør av løpet.

– Butikkgruppa spurde, og då fann Fjellhug/Vereide ut at det gjer vi. Det er eit uhøgtidleg arrangement som lar seg gjere å få til på relativt kort varsel, seier Dagfinn Nyhammer.

Løpet går på «den raude løparen» frå Nordfjord Aktiv og til trappa ved Heradshuset.

Artikkelen held fram under annonsen.

Alle frå seks år og oppover kan springe den kring 140 meter lange traseen. For dei eldste blir det tidtaking, medan dei yngste spring utan tidtaking.

– Vi deler opp i passelege puljar så det ikkje blir kaos. Premien er ein deltakarmedalje som det står Senterløpet på, og som alle får, fortel Nyhammer.

Tilbyr ulike aktivitetar

Også Nordfjord Aktiv har ope utover kvelden med moglegheit for å leige utstyr og drive med forskjellige aktivitetar.

– Det blir ulike tilbod til rabatterte prisar. Så har vi open kafé utover dagen, fortel Kristina Ianke.

Nordfjord Aktiv har utleige av mellom anna e-foil, elsyklar, skateboard og rulleskøyter. Innandørs har dei VR- headset som folk kan spele med.

Medaljeutdelinga etter Senterløpet skjer dessutan ved lokala til Nordfjord Aktiv.

Vil lage liv i sentrum

Butikkgruppa ønskjer å skape liv i sentrum også på andre måtar denne dagen.

Det blir buer der lokalmatprodusentar stiller på, og korpsa i kommunen syter for musikk i sentrumsgatene.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Viss vêret er fint, tek Gloppen janitsjar og Breim og Sandane skulekorps seg ein runde i sentrum og spelar, fortel Mari Wie ved Chatlet, som også er med i arrangementskomiteen.

– Vi håpar det blir bra vêr, og at folk finn vegen til sentrum. Det blir gode tilbod i butikkane og liv i sentrum, seier ho.