Krav om nærleik til sjø: Det var viktig å kunne sjå utover sjøen. Det ønsket fekk Ingeborg Sol Fure oppfylt. Her står ho på verandaen i andre etasje, som går ut frå hovudsoverommet. Foto: Louise Nygaard.

Ingeborg måtte nærare havet. No skaper ho sin eigen heim på kysten

Reiselivsinfluensar Ingeborg Sol Fure har landa hyttedraumen i Kalvåg. To ting er ho sikker på: ho skal ikkje ha TV, og veggane blir ikkje verande kvite.

For Fure er det ein draum som går i oppfylling der ho står i si nykjøpte hytte i kystbygda som ho har eit heilt spesielt forhold til, Kalvåg i Bremanger kommune.

Utanfor skin sola og havet glitrar. 43-åringen hadde eitt kriterium: Det skulle vere utsikt mot sjøen.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Bilvegen måtte gå bak hytta, ler ho.

Som reiseinfluensar har ho budd på, og vist fram, tallause hotell, hytter og airbnb-glampinghusvære. No skal ho skape sin eigen vesle heim i Kalvåg, og skape gode opplevingar og minne der.

– Sjølv om det er veldig enkelt og herleg å bu på hotell, er det fint å føle at ein har ein heim. Så har eg også veldig lyst til at døtrene mine skal få eit forhold til kysten, havet og dei moglegheitene som ligg her, fortel Fure.

Fann roa på kysten

Døtrene og familien bur til vanleg i Førde, men Fure har vakse opp i Måløy og har i seinare tid kjent dragninga mot Nordfjord.

– Eg hadde ikkje det forholdet til havet og kysten då eg voks opp i Måløy. Då ville eg berre ut i verda. No ser eg heilt annleis på det. Nå synest eg det er eksotisk, vakkert og urørt her.

Fure snakkar varmt om det spesielle lyset ved kysten, og roa ho kjenner ved å vere nær havet.

– Eg er vanlegvis ganske rastlaus, men når eg er her, kan eg berre sitte og stire ut i horisonten.

Skal sjå på dette, ikkje TV: Det var denne utsikta Ingeborg Sol Fure fall for i Kalvåg, Bremanger. Foto: Louise Nygaard.

Fargerikt og fredfullt

Fure skildrar seg sjølv som ein fargerik person. Det vil også hytta bere preg av. I dag er alt kvitt, men både vegger og tak skal målast med fargar.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Her er det eit blankt lerret som eg skal framkalle som bilete frå ein negativ film. Det blir gøy å sjå korleis det tar form.

Med seg på laget har ho fått Gunvor Catherin Røkholt, ein av dei mest profilerte interiørdesignarane i Noreg. Røkholt har blant anna stått for interiørdesignet på Knutholmen sitt nyaste hotellkonsept.

– Ho er også veldig glad i fargar, og har laga eit forslag til meg som eg har tatt utgangspunkt i. Så kjem ho og hjelper meg vidare med det. Det skal bli veldig kult her, seier Fure.

Det er altså fargerikt som er stikkordet, men ein skal også finne roa her. For Fure er det viktig å velje fargar og interiør som gir god energi.

– TV-benken skal vekk. Eg skal ikkje ha TV. Her skal eg sitje og sjå ut, seier Fure bestemt.

Allereie har to bilete fått bli med på flyttelasset. Eitt av bileta har niesa hennar måla da ho budde i Egypt, og er blitt med heile vegen frå Egypt til Førde, og no Kalvåg.

Ein ny måte å dele på

Hytta er ifølgje Fure maks hundre kvadratmeter. Det er tre soverom og eitt bad i andre etasje, og stue, kjøkkenkrok og eitt bad nede. Vegen ned frå hytta til sjøen er kort, og kajakkane heng klare over inngangspartiet på baksida.

– Ein skal jo vere mest mogleg ute når ein er her. Samtidig har hytta den komforten ein treng inne, seier Fure.

Artikkelen held fram under annonsen.

Til sommaren skal tida brukast ute til gode krabbemåltid i fjæra, grilling, fisking, kajakk, padling, bading og fjellturar.

Då håpar ho også at hytta står klar, slik som ho vil ha den. Oppussingsprosessen deler ho undervegs med følgjarane sine på sosiale medium.

Det er hittil ukjent terreng for den erfarne influensaren. Denne gongen er det meir personleg, fortel ho.

– Eg deler ingenting av familielivet i Førde. Eg føler at heimen min er privat, men her kan eg fint dele det som skjer utan at det verkar invaderande, seier Fure.

Vil invitere fleire til kysten

Fordi ho vel å eksponere så mykje av seg sjølv, har det vore spesielt viktig for henne å skjerme privatlivet sitt.

Som ambassadør for Kalvåg, og marknadsføringsjobben ho gjer for Knutholmen, har ho delt mykje av både seg sjølv og Bremanger i sosiale medium.

Med den nye hytta håper ho å ta eit steg vidare. Den har ho nemleg også planar om å leige ut.

– Målet er at hytta kan vere eit samlingspunkt for familie og venner, men også andre som vil ta turen til Kalvåg. Eg er veldig stolt av området, og no kan eg verkeleg invitere folk inn i det.