Utleige av kommunale el-syklar er blitt ein suksess fortel Siv Kvalsvik Haugen og Birte Fossheim. Syklane har trilla til saman 7120 kilometer på vegane i kommunen.

El-syklane har trilla over 7000 kilometer

Sidan i fjor haust har dei kommunale el-syklane som blir lånte ut trilla over 7100 kilometer på vegane rundt om i Gloppen. - Mange er blitt el-sykkel entusiastar, fortel Birte Fossheim og Siv Kvalsvik Haugen.

Det er snart eitt år sidan Gloppen kommune kjøpte inn ti vanlege el-syklar og to såkalla transportsyklar med kasse i fronten. Kostnaden var til saman 330.000 kroner, der 50 prosent var finansiert av Miljødirektoratet.

Ventelister

– Vi fekk el-syklane i oktober i fjor. Fem var utstyrte med piggdekk, og vi starta marknadsføringa, men det tok ikkje av akkurat, fortel rådgjevar for plan- og utgreiing, Birte Fossheim.

Artikkelen held fram under annonsen.

Oversynet i utlånspermen viser at det var først i april/mai det tok til å røre på seg.

– Sidan har det vore ventelister, fortel Birte og vedgår at arbeidet med å administrere utlånet kanskje er blitt meir arbeidskrevjande enn rekna med.

På den andre sida viser det at dei har oppnådd det dei ønskte; nemleg at el-syklane skulle vere mykje i bruk.

– Derfor yter vi den sørvisen at vi fører venteliste og lovar folk å få leige syklane, seier ho.

Blir entusiastar

Siv Kvalsvik Haugen er leiar for Servicetorget og ein av dei som administrerer utlånet.

– Vi opplever mange positive tilbakemeldingar. Folk tykkjer det er eit flott tilbod, og mange blir el-sykkel entusiastar. Eg veit om fleire som har kjøpt el-sykkel etter at dei har prøvd ein av dei kommunale utlånssyklane, fortel ho.

Syklane vert lånte ut ei veke i slengen.

– Vi har sagt at vi kan låne ut fire syklar i alt til same familie, slik at dei kan få sykle på litt lengre turar i lag og prøve korleis det er, seier Birte Fossheim.

Artikkelen held fram under annonsen.

Folkehelse og miljø

Etter kvart utlån vert kilometerstanden lest av og notert. Når kilometerstanden på alle syklane er summert, viser det at el-syklane har trilla på vegane i Gloppen 7120 kilometer i løpet av elleve månader. Det er Birte veldig tilfreds med. Det er nemleg folkehelse i kvart einaste trakk på sykkelen.

– Det er den eine sida av saka. Den andre er at vi fekk tilskot frå Miljødirektoratet, slik at miljøaspektet også er viktig, seier ho.

Kanskje har fleire oppdaga at el-sykkel kan erstatte bilen på kortare turar eller til og frå arbeid.

– Eg trur folk med ein tung motbakke heim har fått ei aha-oppleving når dei merkar kor lett det går, til og med om sykkelveska er full av handlevarer, seier Birte.

Ikkje berre Sandane

El-syklane har nok hovudsakleg trilla i Sandane-området og rundt fjorden, men dei har også vore i bruk i Breim og Hyen.

– Folk er velkomne til å ta med el-sykkel på bilhengar heim for å prøve, seier Birte.

Gloppen var tidleg ute og hadde nesten ingen andre kommunar å rådføre seg med, men det har gått bra. Derfor vil utlånet halde fram. Det er heller ikkje meldt om at folk har velta og skadd seg, eller at syklane har vore i ustand.

– Til vinteren vil vi setje på piggdekk, slik at folk får prøve korleis det er å bruke el-sykkel under meir krevjande forhold, seier Birte Fossheim.

Artikkelen held fram under annonsen.