Widerøe har innstilt 30 avgangar – seier problema kan auke utover dagen

Flyselskapet Widerøe seier dei tysdag verkeleg har byrja å merke konsekvensane av flyteknikar-streiken. 30 avgangar er innstilte.

Det opplyser Widerøe til NRK.

– Dette lagar utfordringar for passasjerane våre, det er vi smerteleg klar over. Der vi var positive i går, så kjenner vi at det no treffer oss ordentleg, seier Catarina Solli, pressesjef i Widerøe.

Artikkelen held fram under annonsen.

Ho oppmodar kundar til å la vere å ringje dei sidan det er stor pågang frå kundar som er usikre på om reisa deira faktisk vil gå.

– Vi oppmodar publikum til å ikkje ta kontakt med oss, med mindre dei har fått melding om at avgangen deira er innstilt, eller at dei ikkje ønskjer å nytte seg av den løysinga vi har førespegla dei, seier pressesjefen i Widerøe.