Det er Widerøe som trafikkerer ruta Ørsta/Volda-Oslo. Foto: Terje Bendiksby/NTB/NPK.

Vil ha Ørsta/Volda-Oslo vurdert som statleg flyrute

Fylkeskommunedirektøren i Møre og Romsdal ber staten inkludere flyruta Ørsta/Volda-Oslo i arbeidet med det komande anbodet for kortbanenettet.

Flyruta vart i anbodet som starta 1. april teken ut av FOT-ordninga (Forplikting om offentleg tenesteyting), og med det gjort om til ei kommersiell rute. Så vart flyruta igjen teken inn i FOT-ordninga 15. april i år.

FOT-ruter er ruter som ikkje er kommersielle og som blir finansierte av staten.

Artikkelen held fram under annonsen.

Samferdsleutvalet i Møre og Romsdal fylkeskommune peikar på fleire forhold dei meiner det bør takast omsyn til i vurderinga til den nye anbodsperioden frå 1. oktober 2021 til 31. mars 2024.

Dei viser til at kommersialiseringa av flyruta har hatt ein negativ effekt på konkurransekrafta i regionen for innbyggjarar og næringsliv. Dette på grunn av færre avgangar og høgare billettprisar.

Fylkeskommunedirektøren ber også at det blir inkludert ein oppdatert analyse av konkurransesituasjonen på kortbanenettet, og at moglege tiltak og konsekvensar av desse blir vurderte.