Vil ha Eide på ein av topplassane

Unge Høgre ønskjer Elias Eide frå Skei på ein av topplassane på stortingslista til Høgre i Sogn og Fjordane valkrins.

Nominasjonskomiteen til Unge Høgre i Sogn og Fjordane valkrins har samrøystes innstilt Elias Eide som sin ungdomskandidat, og ønskjer han på ein av topplassane på Stortingslista.

Les også
– Bør vurdere å gjere tunnel under Utvikfjellet til eit bompengeprosjekt

— Elias er ein av dei dyktigaste politikarane vi har hatt i Høgre i Sogn og Fjordane nokon gong. Hans lange erfaring med ei rekkje verv i Unge Høgre, som fylkestingsrepresentant og som rådgjevar på Stortinget i fleire år, gjer oss trygge på at Elias vil gjere ein utmerka jobb som stortingskandidat. Få meistrar det politiske handverket like godt som Elias, seier leiar av nominasjonskomiteen til Unge Høgre, Vebjørn Leite Olsen, i ei pressemelding.

Artikkelen held fram under annonsen.

Les også
Vil ha fortgang i søknaden om nytt fag på Firda vgs

– Med Elias på stortingslista, og på sikt på Stortinget, ser vi lyst på framtida og er optimistiske for mange politiske gjennomslag for Sogn og Fjordane, held Leite Olsen fram.

Les også
Eide vil gjere fylkespolitikken meir kjend for folk
Les også
– Stas å få jobbe på Stortinget