FAU ved Hyen skule meiner bassenget i Hyen må utbetrast. Arkivfoto.

– Viktig å behalde bassenget

– Bassenget i Hyen er kanskje utdatert, men det er viktig for bygda å behalde dette, skriv Margrethe Beate Mjellem i FAU ved Hyen skule i eit brev til Gloppen kommune.

Nyleg skreiv Firda Tidend at bassenget i Hyen anten må utbetrast eller stengjast. For å få eit driftssikkert anlegg som held dagens standard, og for å oppgradere anlegget for framtidig bruk, er det stipulert ein kostnad på over 3,6 millionar kroner.

– Ikkje alle som nyttar bassenget i Hyen ser det som eit alternativ å nytte Trivselsbadet på Sandane. Det er knytt mykje trivsel til bassenget i Hyen, det er eit av tilboda i bygda som gjer det så fint å bu her. La utkantane få behalde nokre av goda sine, ikkje la dette vere eit steg i retning nedlegging av Hyen, skriv Margrethe Beate Mjellem.

Ho viser mellom anna til at det for dei borna som har lengst veg, vil bli bortimot tre timar i buss for dag om symjeundervisninga skal føregå på Sandane. Dette vil gå ut over anna undervisning.

– Vi håpar ein kan finne ei løysing på dette problemet og finne pengane som trengst for utbetring. Vi ser føre oss at bassenget vert stengt ei stund under rehabiliteringa. Vi er vande med at bassenget er stengt i periodar for å spare pengar, og ønskjer ikkje å sende ungane på Sandane medan oppussinga pågår, skriv Mjellem og legg til at det vert lagt merke til at det er blitt brukt store summar på skule på Sandane med store overskridingar:

– Når det kjem til opprusting av bassenget her i Hyen, er det eit oversiktleg og billeg prosjekt i forhold.

FAU ved Hyen skule meiner bassenget i Hyen må utbetrast. Arkivfoto.