Viking Tour-deltakarane gjer seg klar til tempoetappe på Sandane.

Viking Tour vitja Gloppen

I øsande regnvêr var 170 syklistar i aksjon på ein 15 kilometer lang tempoetappe i Viking Tour tysdag.

For tolvte året på rad blir turrittet Viking Tour gjennomført på norske landevegar. I løpet av sju dagar gjer syklistane unna åtte etappar. Starten gjekk på Beitostølen laurdag. Etappe nummer fem vart avvikla på Sandane på det som eigentleg var ein kviledag.

Sosialt ritt

Tempoetappen starta ved nedkøyringa til Felleskjøpet på Kattahamrane, vidare ut langs fjorden, opp Svingane, over på E39 og målgang ved rasteplassen ovanfor Sandane sentrum.

Av dei 170 deltakarane i rittet, som like mykje som konkurranse skal vere eit sosialt høgdepunkt, er berre kring 20 nordmenn. Ein av dei er Grethe May Steen frå Lier.

– Dette er fjerde gongen eg er med. Det er fin natur, så dette rittet er veldig bra, sa ho etter målgang på den korte etappen på Sandane.

– Ikkje så kaldt

Ho ville ikkje vere med på at det var surt og lite triveleg å vere syklist i dei mange regnbygene i Gloppen tysdag.

– Dette var kjekt, det er ikkje så kaldt. Det var mykje verre i går. Då sykla vi først Ørnevegen i Geiranger, så var det ny start og landevegen via Strynefjellet til Sandane. Vi sykla i regnvêr heile dagen, seier ho.

For konkurranseløparane gjekk etappen den dagen til Grotli, vidare Gamle Strynefjellsveg og til Oppstryn. Frå Stryn gjekk ferda ut Panoramavegen til Lote og vidare til Sandane. Turklassa tok ferja til Hellesylt og sykla vidare via Hornindal og Panoramavegen.

Onsdag står Sandane-Balestrand på programmet. Viking Tour blir avslutta med målgang på Beitostølen fredag.