Gunnhild Aasestrøm og Jarle Stenbæk er innehavarar av dei to første festivalpassa i Jølster Aurefest si historie.

- Vi kjem tilbake også neste år

Årets aurefest i Jølster  skal som kjent gå over tre dagar, mot ein tidlegare. Onsdag kveld var det kø i teltet på Jølvassbu camping der dei første fiskarane fekk utlevert  billettar.

 

Fiskekonkurransen startar torsdag morgon og fiskarane kan fiske heile dagen både torsdag og fredag. Laurdag blir det som vanleg tre timar, frå 11.00 til 14.00.

Første pass

Dei som skal fiske alle dagane har festivalpass nummererte frå 1500 og oppover. Vi møtte dei to som hadde dei første festivalpassa, to ivrige fiskarar frå litt nordaust om Oslo.

Gunnhild Aasestrøm og Jarle Stenbæk høvesvis frå Strømmen og Lørenskog hadde aldri vore i Jølster før, men hadde etter tips frå ein av Jarle sine arbeidskollegaer, funne ut at dei skulle prøve ei veke med fisking i Jølster.

-Eg sjekka litt på Facebook og fann ut at dett måtte prøvast så no er vi her og veldig klare for fiskekonkurranse, smilte Jarle som fekk med seg venninna Gunnhild til Jølster der dei har vore i snart ei veke.

-Får de fisk?

-Eg har fått to, svara Jarle, medan Gunnhild så langt sto utan fangst.

-Men vi kjem til å stå på og vi kjem tilbake neste år. Hytte er bestilt, så vi er allereie frelste, smilte Gunnhild før dei to reiste ut på ei ny fiskeøkt. Så langt hadde dei fiska i området rundt Jølvassbu camping, i elveosen og i elva rett nedanfor brua.