Første pulje ut med born som skal skyssast med båt over Hopsvatnet. Ola Jan Birkeland styrer påhengsmotoren.

– Vi er redde for steinras

Elevar og barnehagebarn i Hyen har denne veka fått båtskyss forbi den rasutsette Hopsstranda. Vegen er frå vegvesenet si side vurdert som trygg nok til å vere open for vanleg trafikk.


– Det er skummelt med rasa, vi er redde når vi køyrer vegen, seier Sunniva Sæther (12) og Anbjørg Eimhjellen (11). Alle born som til vanleg vert sende med buss langs Hopsstranda har fått beskjed om å ta med redningsvest på skulen og i barnehagen denne veka.
– Uforsvarleg å køyre vegen

Båttur over Hopsvatnet er derimot artig ein solrik oktober-ettermiddag, sjølv om bakteppet for transporten er alvorleg nok.

Skyssinga med båt er både ei politisk markering og heilt naudsynt meiner foreldre, tilsette ved skulen og dei som bur i bygda. Den siste veka har fleire store steinblokker hamna i vegen på Hopsstranda.



– Eg er oppvaksen i Hyen, og har gått på jakt i fjellsida over Hopsstranda i mange år. Dette har alltid vore eit rasfarleg område, og både eg og andre jegerar har merka oss at det er ein del fjell og steinblokker som ser lause ut. Med dei nedbørsmengdene det har vore, er verken eg eller nokon andre i Hyen overraska over at det rasar, seier Ola Jan Birkeland.

Han køyrde den eine av dei to båtane med born over vatnet.

Vegen gjennom Hopsstranda er open for vanleg trafikk, men innbyggjarane i Hyen er så redde for nye ras at dei ikkje vil at skule- og barnehageborna skal køyrast gjennom det rasfarlege området. Førebels er det berre tre dagar denne veka at det har vore organisert båtskyss av borna. Torsdag og fredag er skule og barnehage i Hyen stengde grunna planleggingsdagar.
Ny vurdering etter haustferien

Det er vert teke ei ny vurdering av båtskyss etter haustferien.

– Det er foreldra saman med tilsette ved skulen som har avgjort at borna ikkje skal ta skulebuss. Vi ønskjer ein sikker skuleveg, og det er det ikkje no, seier rektor Vigdis Henden ved Hyen skule.

Ho fortel at foreldra er svært nøgde med tilbodet om båtskyss. Til liks med resten av innbyggjarane i Hyen ønskjer ho tunnel.



Seksjonsleiar i Statens vegvesen region vest, Tone Anette Espe, fortel at vegen er vurdert som trygg nok til å haldast open, i alle høve slik vêret er no.

Ho fortel at den første steinblokka kom frå ei ur høgt oppe i fjellet, medan dei siste steinrasa kom frå ei vegskjering mykje lågare i terrenget.
Skal reinske vegskjering

– Vi vil reinske og sikre vegskjeringa i Hopsstranda der dei siste steinane losna og rasa ned. Det vil skje så fort som råd er i haust. Det er ingen indikasjonar på at det er ny aktivitet i fjellet no. Vi kjem òg til å sende ein geolog på ny synfaring, seier Espe.

Der står saka, men folk i Hyen har ikkje noko tru på at vegen er tryggare enn den har vore før.



– Vi går inn i den farlegaste årstida no. Det er mykje regn og nedbør på hausten og vinteren, og så kjem det frostsprenging i tillegg, seier Anders Ommedal.

Han er lærar ved Hyen skule, og dei siste dagane har han køyrd fleire turar dagleg over vatnet før og etter skulen med born.

Ungane har grunna rasfaren vore forhindra frå å vere med på fritidsaktivtetar som fotballtrening i Hyen sentrum, og synest det er litt dumt. I staden har dei besøkt kvarande og funne på ting heime.

Ein båttur over Hopsvatnet i Hyen er artig, synest Johanne Lovise Akse (10), Alexander (13) og Sunniva Sæther (12), og Anbjørg Eimhjellen (11). Årsaka til båttransporten ligg det eit stort alvor bak. Hopsstranda er etter nedbøren dei siste vekene no ei svært rasfarleg vegstrekning.
Seks år gamle Ronja Akse er fersk førsteklassing. Ho synes det er heilt greitt å vere på båttur med lærar Anders Ommedal.
– Vi vil reinske og sikre vegskjeringa i Hopsstranda der dei siste steinane losna og rasa ned, seier seksjonsleiar i Statens vegvesen region vest, Tone Anette Espe.