Vestland fylkeskommune vil legge til rette for betre forhold for ro- og padleturar i fylket. Illustrasjonsfoto: Gorm Kallestad/NTB/NPK.

Vestland lyser ut 800.000 kroner til ro- og padleturar

Kommunar og interkommunale friluftsorganisasjonar kan søkje til fylkeskommunen om pengar til ro- og padleturar.

Vestland fylkeskommune vil satse på auka tilrettelegging for bruk av den lange kystlinja fylket har. Difor tar fylket ei koordinerande rolle i arbeidet med prosjektet «Ro- og padleturer i Vestland».

Det skriv fylkeskommunen i ei pressemelding.

Artikkelen held fram under annonsen.

Kommunar og friluftsorganisasjonar kan få støtte til kartlegging og fysisk tilrettelegging.

Døme på kartlegging kan vere å skaffe seg oversikt over sjølve ro- og padlerutene og over infrastruktur. Fysisk tilrettelegging kan vere skilting, bygging av ramper og bryggjer og utbetring av fasilitetar.

Fristen om å søkje er sett til 15. september. (©NPK)