Vest politidistrikt ber om færre dronemeldingar

Vest politidistrikt vil berre ha varsel om droneobservasjonar som er ferske og har nærleik til viktig infrastruktur.

I ei pressemelding skriv politidistriktet at dei har fått mange meldingar om dronar den siste tida, av varierande relevans.

– Politiet set pris på at folk er observante og følgjer med, men ønskjer at folk melder inn ferske/konkrete observasjonar som har ein nærleik til viktig infrastruktur, skriv dei i pressemeldinga.

Artikkelen held fram under annonsen.

Politiet påpeikar at det er mykje lovleg droneaktivitet knytt til både eigedomsbransjen og diverse andre næringar. Dette treng dei ikkje varsel om. (©NPK)