Ventar stor nedgang i sysselsette i små kommunar
Telemarksforsking spår ein kraftig nedgang i arbeidskraft i distrikta fram mot 2050, med opptil 26 prosent færre sysselsette i dei minst sentrale kommunane.
Det skriv NRK.
Rapporten frå Telemarksforsking omfattar alle kommunane i landet, og statsråden karakteriserer funna som «dramatiske».
– Det er ikkje overraskande at distrikta blir hardast ramma, men vi blei litt overraska av kor sterk nedgangen i sysselsettinga blir, seier Knut S. Vareide, som er ein av forfattarane av studien, til rikskringkastaren.
– Vi ser også at ein del kommunar allereie i dag har problem med rekrutteringa, så dette er ikkje eit fjernt problem langt inn i framtida, seier han.
Kommunal- og distriktsminister Bjørnar Skjæran kallar rapporten eit argument for meir samarbeid på tvers av kommunegrensene – og fleire samanslåingar:
– For nokre kan ei mogleg løysing vere kommunesamanslåing, men det må kommunane sjølve finne ut av. Staten skal stille med gode rammevilkår for både samanslåing og samarbeid, seier han. (©NPK)