Vegvesenet åtvarar om SMS-svindel. Illustrasjonsbilete. Foto: Annika Byrde/NTB/NPK.

Vegvesenet åtvarar om kraftig auke i svindelforsøk

På fire månader har Statens vegvesen registrert 770 svindelsaker gjorde i deira namn. No ber dei folk vere på vakt for falske sms-ar.

Publisert

Dei 770 sakene gjeld nettsvindel og phishing der svindlarar har misbrukt vegvesenet sitt namn, melder dei i ei pressemelding.

Spesielt talet på sms-svindlar har auka stort, frå 48 til 206 på eitt år.

– Svindlarane endrar stadig metode og kanalval. Derfor er det viktig å vere kritisk til meldingar som ber deg klikke på lenkjer eller oppgi betalingsinformasjon, seier Gjermund Skotte, som er analytikar i Statens vegvesen si krimeining.

Sms-ane dreier seg ofte om førarkort, Autopass og bompengar, trafikkmisferder og bøter og påståtte betalingskrav. Målet er å få mottakarar til å klikke på falske lenkjer eller oppgi betalingsinformasjon.

Vegvesenet rår folk til aldri å oppgi passord, BankID-opplysningar eller kortinformasjon via lenkjer som ein ikkje stoler på. (©NPK)

Powered by Labrador CMS