Må koke drikkevatnet

Sunnfjord kommune melde søndag kveld at vatnet truleg ville vere tilbake rundt kl. 22.00.

Det var eit brot på hovudvassleidningen som gjorde at abonnentane ved Skei vassverk vart vasslause søndag ettermiddag.

Abonnentane til Skei vassverk var utan vatn søndag ettermiddag.

Må koke

Kommunen melder at vatnet vil vere misfarga det første døgnet, og at det vil vere behov for koking av vatn som skal brukast til drikke og matlaging.

Artikkelen held fram under annonsen.

Abonnentane vil få varsling via SMS når det ikkje lenger er trong for koking.