Varslar snø heilt ned i fjøresteinane på Vestlandet i helga

Meteorologane har sendt ut gult farevarsel om snø heilt ned i låglandet på Vestlandet i helga. Det er også fare for skred.

Fredag kveld og laurdag kveld er det venta 5–20 centimeter snø for delar av Vestland, melder Meteorologisk institutt. Farevarselet gjeld i Sogn og Fjordane, og frå natt til laurdag også deler av Møre og Romsdal.

– Det vil komme snø langt ned, sjølv om det i låglandet og på kysten mest truleg vil vere sludd og regn. Enkelte vil nok også kunne oppleve snø søndag, seier meteorolog Anne Solveig Andersen til NRK.

Artikkelen held fram under annonsen.

Det er også venta kraftig snøfokk på delar av fjellet i Sør-Noreg, spesielt Innlandet.

Det er oransje farevarsel for betydeleg snøskredfare i Romsdal, på Sunnmøre og i Trollheimen. Meteorologane har også utskrive oransje farevarsel om sterk ising på skip langs heile kysten. (©NPK)