Prisen på plastposar vil truleg auke igjen. Foto: Lise Åserud/NTB/NPK.

Prisen på plastposar aukar igjen

Handelens miljøfond har vedteke å auke kontingenten på plastposar med 1 krone frå 1. mai. Det kan føre til at prisen aukar med 1,25 kroner i butikkane.

– Sjølv om vi har vorte mykje flinkare, brukte vi over 575 millionar plastposar i fjor, som er 104 posar per person i året. Dette må reduserast, og av erfaring veit vi at auke i kontingenten er ein måte å få til dette, fortel dagleg leiar Cecilie Lind i Handelens miljøfond i ei pressemelding.

Det er kontingenten medlemmene betaler til Handelens miljøfond som aukar frå to til tre kroner.

Artikkelen held fram under annonsen.

Sjølv om Handelens miljøfond no aukar kontingenten, så er det opp til butikkane sjølve om dei vil auke prisen på plastposen, skriv NRK.

Totalprisen for ein plastpose i butikken kan dermed bli på 5,50 kroner frå neste veke.