Cengiz Al, kjent frå «Skam», slår til som prinsen medan Astrid Smeplass spelar sjølvaste Askepott. Foto: David Vu/Storm Films.

Varm mottaking for nye Askepott

Mange ville sjå Astrid Smeplass svinge seg i rolla som Askepott i helga.

No går nye «Tre nøtter til Askepott» opp på førsteplass på kinotoppen. Over 100 000 besøkjande løyste billett i premierehelga, og dermed fekk filmen den tredje beste opningshelga for ein norsk familiefilm – nokosinne. Han blir berre gått forbi av to av filmane i Flåklypa-serien, kjem det fram av ei pressemelding.

– Det var eit eventyr å få lage denne filmen med så mange gode folk. At eventyret held fram på denne måten er heilt overveldande, seier regissør Cecilie Mosli.

Artikkelen held fram under annonsen.

«Tre nøtter til Askepott»er ei nyinnspeling av den folkekjære, tsjekkiske julefilmen som mange ser som fast tradisjon på NRK på julaftan.

Nyinnspelinga, med Astrid Smeplass og Cengiz Al i rollene som Askepott og prinsen, er spelt inn på Maihaugen i Lillehammer, og dessutan ved Gjende og Besseggen. Slottsscenene vart spelt inn i Litauen, og filmen har eit budsjett på 38 millionar kroner.

«Tre nøtter til Askepott» fekk premiere over heile landet 12. november 2021, etter nokre førpremierar, og i andre roller ser vi mellom anna Ellen Dorrit Petersen, Thorbjørn Harr, Bjørn Sundquist og Anne Marit Jacobsen.

(©NPK)