Utdanningskomiteen krev nynorsk i digitale læringsressursar
Eit fleirtal i utdannings- og forskingskomiteen på Stortinget slår for første gong fast at digitale læringsressursar må kome på nynorsk. Dermed får kunnskapsminister Kari Nessa Nordtun (Ap) marsjorde.
– Dette er bra for nynorskelevane. Endeleg får vi fjerna det kunstige skiljet mellom læremiddel og læringsressursar, seier leiar i Noregs Mållag, Peder Lofnes Hauge i ei pressemelding.
Vil ha lovendringar raskt
Kravet om nynorsk også i digitale ressursar var eitt av hovudpunkta frå Mållaget då ny opplæringslov vart vedteken i 2023, men då fekk ikkje målrørsla gjennomslag. Stortinget bad i staden Utdanningsdirektoratet (Udir) hente inn meir kunnskap.
I svaret frå Udir heiter det mellom anna at forskarar «finn at det er færre læringsressursar på nynorsk, at desse er vanskelege å finne og ofte har dårlegare språkleg kvalitet».
No ber Mållaget regjeringa handle raskt.
– No må regjeringa snarast føreslå endringar i lova i tråd med viljen til utdanningskomiteen. Med MDG sine røyster har dette fleirtal i Stortinget, seier Lofnes Hauge.
Peikar på Ap og Høgre – rosar Frp
Lofnes Hauge merkar seg samstundes at Arbeidarpartiet og Høgre ikkje røysta for innstillinga i komiteen, medan Framstegspartiet gjorde det.
– I dette tilfellet er Simen Velle og Framstegspartiet meir opptekne av retten til opplæring på eige språk enn Ap og Høgre er, seier han, og legg til at saka handlar om nynorskelevane sin rett til ein likeverdig skulekvardag som bokmålselevane.
Vil knyte pengar og krav til språk
Fleirtalet i komiteen meiner også at framtidige tildelingar til opplæringsmateriell bør gå til materiell som blir utvikla både på nynorsk og bokmål. I innstillinga blir det òg understreka at skriveprogram som blir brukte i skulen, må støtte begge skriftspråka, og at regjeringa må ta naudsynte grep for å sikre god tilgang på nynorske læringsressursar.
Her er vedtaket: Fleirtalet understrekar behovet for å sikre at både læremiddel og læringsressursar som vert nytta i skulen, er tilgjengelege på nynorsk. Fleirtalet meiner det er nødvendig å innføre eit parallellitetskrav for læringsressursar, på line med krava som gjeld for læremiddel, for å sikre ei likeverdig opplæring for nynorskelevar. Vidare meiner fleirtalet at framtidige tildelingar til opplæringsmateriell må gå til materiell som vert forma ut både på nynorsk og bokmål. Skriveprogram som vert nytta i skulen, må i tråd med opplæringslova støtte begge målformer. Regjeringa må difor ta naudsynte grep for å sikre god tilgang på læringsressursar på nynorsk og ein høg kvalitet i opplæringa.
(©NPK)