Totalt sett gjennom pandemien er det dei unge som i størst grad av heile befolkninga, seier at livssituasjonen under pandemien er belastande. Foto: Terje Pedersen/NTB/NPK.

Undersøking: Dei unge slit mest under pandemien

Gjennom koronapandemien har nordmenn anteke at det er dei eldre framfor dei yngre som har det dårlegast, men i år har det snudd, viser nye tal.

Det er i undersøkinga Norsk koronamonitor frå Opinion at målinga for april viser at oppfatninga no har snudd.

I april trur 29 prosent av befolkninga at dei eldre har det dårleg, noko som er 8 prosentpoeng under gjennomsnittet for pandemien. Heile 47 prosent trur dei yngre har det dårleg, noko som er heile 17 prosentpoeng over gjennomsnittet i pandemien.

Artikkelen held fram under annonsen.

Totalt sett gjennom pandemien er det dei unge som i størst grad av heile befolkninga, seier at livssituasjonen under pandemien er psykisk belastande. Det er òg dei som har fått dårlegare fysisk form under pandemien, mista jobben eller har vorte permitterte.

Totalt sett under pandemien er det òg dei unge som i minst grad meiner at retningslinjene til styresmaktene er for strenge, ifølgje Opinion.

(©NPK)