Tre nye smittetilfelle i Gloppen

Fredag 22. oktober har tre personar testa positivt for korona i Gloppen kommune.

Det opplyser kommunen i ei pressemelding fredag kveld.

To skular

Kring 60 personar er blitt definerte som nærkontaktar i Gloppen. Utbrotet har også medført nærkontaktar i Stad kommune.

Artikkelen held fram under annonsen.

Utbrotet råkar ei klasse ved Sandane skule, ei klasse på Nordstranda skule og SFO på Nordstranda skule torsdag 21.oktober.

I tillegg er ei turngruppe måndag 18.10 (born fødde i 2014), ei turngruppe onsdag 20.10 (born fødde 2012) og ei handballgruppe torsdag 21.10 (gutar fødde 2012), råka.

Nærkontaktar som bør teste seg er kontakta.

På skulebuss

Ein av dei smitta har vore med skuleskyss med drosje i Bukta onsdag 20.10 og torsdag 21.10, til og frå skulen. Ein av dei smitta har vore med skuleskyss på bussen til Hyen onsdag 20.10 etter skulen.

– Vi har ikkje oversikt over kven som har vore med på desse transportane. Dersom nokon har vore med på transportane og får symptom på luftvegsinfeksjon, bør dei teste seg, heiter det i pressemeldinga.

Alle nærkontaktar som er kontakta vil få mail om utlevering og bruk av sjølvtestar i løpet av fredag kveld.

Testing ved symptom

Retningslinjer for smitta og nærkontaktar ligg på Gloppen kommune si heimeside.

– Det har vore stilt spørsmål ved om opphald i same rom i etterkant av treningar, og bruk av same utstyr kan medføre smitte og behov for testing. Det er ikkje nødvendig, då dråpesmitte vert rekna som den viktigaste smittevegen og i liten grad indirekte kontakt via utstyr. Det ikkje grunnlag for å teste seg viss ein ikkje har vore nærkontakt (mindre avstand enn 2 meter i 15 minutt eller har vore i direkte berøring med ein smitta).

Artikkelen held fram under annonsen.

Personar som ikkje er kontakta er ikkje vurderte som nærkontaktar etter gjeldande retningslinjer og skal ikkje testast. Unntak er personar som har teke skuleskyss og får symptom. Familiar til nærkontaktane skal ikkje teste seg med mindre dei har symptom.

– Vi minner om at alle med symptom på øvre luftvegsinfeksjon eller andre typiske symptom på korona bør teste seg. Ver heime og ta kontakt med Gloppen legesenter måndag morgon, er den klare oppmodinga frå kommunen.