– Jobben har medført mykje reising, og det kan vere utfordrande å få kabalen til å gå opp på heimebane. Då er det godt å ha svigerforeldre på Sandane som kan steppe inn og hjelpe til, seier Torje Bjellaas, som er sambuar med Linda Olin Reite. (Foto: NRK)

Torje har fått draumejobben

Saman med Arve Uglum har fotograf Torje Bjellaas frå Jølster overteke ansvaret for det populære programmet ”Der ingen skulle tru at nokon kunne bu”. I sesongpremieren søndag får vi vere med til Solund. – Dette må vere ein av dei kjekkaste fotojobbane i NRK, meiner Bjellaas.

I søndagens fjernsynsprogram møter vi familien Pål Ryland og Trude Søilen frå Bergen som har busett seg i Solund. Livet på øya vil snart bli endra for alltid, for bilvegen fram til Tangeneset er nesten ferdig.
Seks program i haust

– Kva andre stader får vi vere med denne hausten?

– Vi sender seks program i haust. Vi har vore i Gamvik i Finnmark, Bliksvær i Nordland, Austli ved Møsvatn i Telemark, Fitjar i Sunnhordland og Frønningen i Sogn. Det finst mange personar og plassar i Sogn og Fjordane vi kunne ha laga program om. I tillegg til å besøke familien i Solund, får sjåarane bli betre kjende med Vilhelm Rumohr i Sogn. Godset Frønningen vart etablert på 1600-talet, og var ein sentral stad då fjorden var hovudferdsleåre før i tida. I dag er her tre ferjeavgangar i veka. Diskusjonen går om ein treng ei småbåthamn. Vilhelm er son til den kjende kunstnaren Knut Rumohr, og overtok godset som 19-åring, fortel Torje Bjellaas.

Han bur på Vassenden i Jølster og har jobba som fotograf i NRK Sogn og Fjordane i ei årrekkje. Sidan både han og Arve Uglum er tilsett i Førde, tilfører arbeidet med TV-programmet ressursar til lokalkontoret.

Les heile saka i papirutgåva fredag.