Torbjørn er årets gloppar 2025

Prisen som årets gloppar 2025 blei delt ut på starten av kommunestyremøtet onsdag. 

Publisert Sist oppdatert

- Årets prisvinnar er ein person som på ein heilt konkret måte gjer visjonen vår om ein rikare kvardag midt i verda, levande, sa ordførar Arnar Kvernevik då han delte ut prisen til Torbjørn Gran.

Gjennom prosjektet Gatelangs hjelper Gran vanskelegstilte. 

- Det er ikkje eit prosjekt prega av store ord, men av handling. Han møter menneske der dei er, utan krav, men med respekt. Det viser at òg små lokalsamfunn kan bety noko når vi ser og løftar i lag, han løftar fram dei som ofte blir ståande utanfor, sa Kvernevik. 

Ein rørt Torbjørn Gran takka for at måten Gatelangs jobbar på heile året for at andre skal bli sett, blir sett av Gloppen kommune. 

- Det er ei utruleg ære at arbeidet som blir gjort og utretta blir anerkjent, sa Gran og understreka at ein heil del av arbeidet Gatelangs gjer, er retta mot innbyggjarar i heimkommunen og det gamle fjordfylket: 

- Vi får gjort veldig mykje i store byar som Oslo og Bergen med store rusmiljø, men over halvparten av midlane vi får inn blir brukte i Gloppen og Sogn og Fjordane. Her kan vi ikkje vere opne om det om det på same måte, det er meir stigma knytt til det.

Prisen som årets gloppar var eit måleri laga av Ragne Mari Røed Kandal. Gran fekk òg ein sjekk på 30.000 kroner til Gatelangs frå Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane. 

Powered by Labrador CMS