Illustrasjonsfoto: Kari Hamre/NPK.

Tomt for norsk kjøt

No er det ikkje meir frose kjøt på lager i Noreg. For å få nok må vi importere.

I koronatida, med låg grensehandel og reiserestriksjonar, har handelen med norsk kjøt gått opp her i landet.

No er det heilt tomt på det såkalla reguleringslageret – for alt anna enn egg. Det kan nesten ikkje prognosesjefen i Nortura, Leif Sørensen, hugse sist skjedde.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det er lenge sidan. Ikkje sidan 2007, seier han til NRK.

«Underdekninga» i marknaden trur Nortura blir over 8.000 tonn storfe, 5.000 tonn gris og 300 tonn lam.

Sørensen fryktar likevel ikkje tomme kjøtdiskar.

– Korona vil medføre eit større importbehov for særleg storfe og gris, men vi kjem til å få tak i kjøtet vi treng, seier han.

Mattilsynet stadfester at norsk kjøt er trygt, men at meir import kan auke risikoen for smitte frå mat.

– Når ein tar inn kjøt frå land med fleire produksjonssjukdommar, vil det også vere høgare risiko for at dei ber med seg sjukdomsframkallande mikroorganismar, skriv Karina Kaupang, direktør for avdeling mat i Mattilsynet, til NRK.

Tilsynet peikar likevel på at ved å ha god hygiene og steikje eller koke kjøt skikkeleg, er det lite sannsynleg å bli smitta av noko.

(©NPK)