Har etablert nytt fortau mellom Flølokrysset og Gloppen heradshus. Vegen vart opna att torsdag 10. juli 2025.

No er vegen opna att

Etter å ha vore stengt sidan slutten av april på grunn av etablering av nytt fortau, vart fylkesvegen mellom heradshuset og Flølokrysset i Sandane sentrum opna att torsdag ettermiddag.

Det er Stryn-firmaet Kveen AS som har ansvar for opprustinga, og arbeidarane tek no ferie i tre veker. 

Etter ferien kjem dei tilbake for å ferdiggjere prosjektet, som i tillegg til nytt fortau også inkluderer ein del punktvise utbetringar som skal gjere forholda for gåande og syklande i sentrum betre. 

Powered by Labrador CMS