Universitetet i Stavanger hamnar på ein tredjeplass på lista over norske universitet med mest publikasjonspoeng per vitskapleg tilsett. Foto: Carina Johansen/NTB/NPK.

To vestlandsuniversitet på topplista i forsking

Universitetet i Bergen (UiB) og Universitetet i Stavanger (UiS) er rangert på høvesvis andre- og tredjeplass på lista over norske universitet som er best på forsking.

– Eg er imponert over forskingsinnsatsen frå forskarane våre som jobbar svært godt og publiserer imponerande mykje forsking som kjem samfunnet til gode, seier prorektor for forsking Merete Vadla Madland ved UiS i ei pressemelding.

UiS ligg på tredjeplass på ei liste som tek føre seg publikasjonspoeng per vitskaplege tilsette ved norske universitet med 1,25 poeng, rett under UiB med 1,41 poeng. På toppen av lista ligg Oslo med 1,69 publikasjonspoeng per vitskapleg tilsett.

Artikkelen held fram under annonsen.

Vidare følgjer Universitetet i Agder, NTNU og NIBIO. Poenga baserer seg på tal frå 2023.

– Me har bygd opp forskinga vår mykje takk vere ekstern finansiering som forskingsmidlar frå EU, Forskingsrådet og private aktørar. Også dei statsfinansierte stipendiatstillingane har gjort at me har kunna produsera mykje forsking trass i mindre gunstige rammevilkår enn dei fire eldste universiteta. Dei har betre finansiering enn UiS og dei andre universiteta som er etablerte etter oss, forklarar Vadla Madland. (©NPK)