– La barna våre få gå på skulen vår!

Foreldregruppa ved Sandane, Nordstranda, Hyen og Breim skule har skrive ein høyringsuttale til Vestland fylkeskommune i saka om ny tilbodsstruktur i dei vidaregåande skulane.

Les uttalen her:

På vegner av meir enn 500 elevar: Her følgjer ein høyringsuttale frå foreldregruppa ved Sandane, Nordstranda, Hyen og Breim skule.

Artikkelen held fram under annonsen.

La barna våre få gå på skulen vår!

I Gloppen er vi svært stolte over og glade i den vidaregåande skulen vår. Firda vidaregåande skule leverer særs høg kvalitet både på fullføring, fagkompetanse og eit inkluderande miljø. Dette var også grunngjevinga for at skulen fekk Dronning Sonja sin skulepris i 2017. Som mottoet til skulen seier, er Firda meir enn ein skule – og vi ynskjer at borna våre skal kunne få gå på denne skulen. Skal dette vere mogleg, treng vi at de som skuleeigar syter for at skulen får halde fram med den studiespesialiserande linja. Dersom dette tilbodet forsvinn frå Firda vidaregåande skule, så er det forsvinnande få av ungane våre som vil få eit skuletilbod på Sandane, med alle konsekvensar det har for ungdomstid, organisasjonsliv, fritid, tilhøyrsel- og ikkje minst familieliv.

Kvifor seier vi det slik? Jo, fordi i Gloppen kommune er det alt i dag nærare 50 % av ungdomane som går ut av våre ungdomsskular som pendlar ut av kommunen for å ta vidaregåande utdanning. Vi er den kommunen med desidert størst utpendling, som samstundes har ein vidaregåande skule i kommunen. Dersom det vert tatt vekk ytterlegare 90 plassar ved Firda Vidaregåande skule så spør vi oss – kor mange av våre eigne ungdomar blir det eigentleg plass til på vår eigen skule?

Prinsippa for saka om tilbodsstruktur i Vestland fylke, vedteke i fylkesutvalet 04.01.24, legg til grunn at ein skal vidareføre den desentraliserte skulestrukturen og sikre at mange elevar har moglegheit til å gå på skule nær der ein bur. Vi ber dykk sette betre fokus på NÆR når de no skal justere dykkar forslag. I Gloppen ligg den vidaregåande skulen eit steinkast frå ungdomsskulen, og det er eit stort paradoks at de foreslår å sende ungdommane våre til Nordfjordeid for å gå på studiespesialiserande. Eksempelvis er det 33 søkjarar som har studiespesialiserande på Firda vgs. som sitt primærval hausten 2024. Det er ingen fornuft i å sende ei heil klasse vekk, når vi har ein svært, svært god vidaregåande skule i bygda vår.

Eit faktum ein må forhalde seg til er at Gloppen er ein vidtrekkande kommune med spreidd busetnad. For ungdom frå Hyen eller Breim er ikkje Nordfjordeid eit alternativ som er innan rekkevidd for dagleg pendling. Ein veg tek denne turen 1,5 time. Vår påstand er difor at forslaget dykkar vil forsterke ein elev-straum frå Gloppen mot Sunnfjord, særskilt frå desse delane av kommunen vår. Dette bygger ikkje opp under ein tenkt kapasitet og behov på Eid vidaregåande skule med to parallelle studiespesialiserande klasser. Tvert om. Vi fryktar at ungdomen vår vil vende seg vekk frå Nordfjord om dette vert realiteten.

Vestland Fylkeskommune har i dag heller ikkje eit kollektivtilbod som syter for at dagleg pendling er mogleg for elevar busett på sørsida av Gloppefjorden eller fleire delar av Breim. Å gjennomføre slike inngripande forslag som de fremjar vil krevje omfattande tilrettelegging og tiltak knytt til transport, og vi tvilar på om denne kostnaden er fullt ut teke omsyn til når de har utforma forslaget til ny struktur.

Eit levande lokalsamfunn med ungdommar i alderen 15 til 19 år gjev store ringverknader – for ungdommen sjølv, men også for oss alle i kring. Det sosiale samspelet på fritida med vennar og gjennom organisasjonslivet er viktig. Ungdomane våre bidreg til aktivitet og finn tilhøyrsel. Dette bidreg utan tvil til betra livskvalitet og livsmeistring. Blir ein ungdom tvungen til å pendle over to timar kvar dag forvitrar desse moglegheitene … Her meiner vi de handlar heilt på tvers av prinsippa som de sjølve har sagt de skal legge til grunn om at tilbodsstrukturen skal fremje inkludering og sikre eit sosialt godt tilbod til alle elevar.

Vi tek det for gitt at de forstår konsekvensane det har for oss som foreldre og familiar dersom enno fleire av våre born må flytte på hybel. For nokon er dette uproblematisk og vidaregåande er for fleire eit naturleg tidspunkt for å ta sitt fyrste steg ut i verda. Men for mange er det for tidleg å gjere dette når ein er berre 15 år. Vi ber dykk innstendig om at våre ungdomar skal få behalde fridomen til å velje! Som foreldre protesterer vi på at de tek eit så inngripande val på deira vegne gjennom dykkar strukturforslag.

Grunnen til den store utpendlinga frå Gloppen kommune av ungdomar i dag er truleg at Firda ikkje har yrkesfag, og som de veit er skulen berre éin av to vidaregåande skular i Vestland fylke som ikkje har yrkesfag per i dag. Vi ynskjer difor varmt velkome forslaget om helse- og oppvekstfag på Firda vgs. Det er mange ungdommar som ynskjer å ta helsefagutdanning, og det vil vere behov for mange tilsette innanfor helse dei neste åra. Her vil vi dra fram at Firda har tidlegare hatt dette tilbodet, og dei siste 10 åra har skulen hatt helsefagarbeidar-utdanning for vaksne. Dermed har Firda bygd opp god kompetanse på fagområdet, og her er openberre gode faglege argument for at linja bør leggast til Firda. Dette kling også godt saman med prinsippet om at elevane skal ha eit breitt tilbod, spesielt med tanke på at Firda ikkje har andre yrkesfaglege utdanningar.

Artikkelen held fram under annonsen.

Vi forstår at den demografiske utviklinga krev handling og endringar i tilbodet i vidaregåande opplæring. Men folketalsutviklinga og -framskrivinga for Gloppen heng ikkje saman med ei så inngripande endring i den vidaregåande opplæringa som de no foreslår. Dette er ikkje greitt. Vi vil utfordre dykk på å sjå at Firda er ein vidaregåande skule som tilpassar seg denne nye framtida, med sitt tilbod innan nettskulen, breidde i programfag, utvikling av nytt programfag innan klima og miljø, og ikkje minst Gloppen-modellen for yrkesfagleg utdanning for vaksne. Bygger de ned tilbodet på Firda, bygger de ned ein betydeleg kapasitet for vidare utvikling av den desentraliserte skulen i Vestland.

Så lat ikkje våre born og ungdomar bli brikker i eit spel i hestehandel om plassar, men bygg opp under den openberre faglege kvaliteten, breidda og ikkje minst evna dei tilsette ved Firda har til å drive framtidsretta. Her på Sandane eig Fylkeskommunen eit anlegg og ein eigedomsmasse som må fyllast med liv og kunnskap – ikkje forvitre og støve ned.

La oss behalde våre ungar heime og nær oss – så lenge dei sjølv vil!