To miste lappen i Jølster

To personar fekk onsdag kverrsett førarkortet etter å ha køyrd for fort i 80-sona på E39 i Årdal i Jølster.

Dei to som miste førarkortet var ein mann i 20-åra frå Sunnfjord som køyrde i 125 km/t, og ein mann frå Sogn i same aldersgruppe som køyrde i 119 km/t.

Det vart skrive ut tolv forenkla førelegg for fart, høgste målte fart mellom desse var 111 km/t.

Artikkelen held fram under annonsen.

Eitt forenkla førelegg for mobilbruk og to gebyr for belte vart det òg.