Det blir over 200 gjester i Håkonshallen under den høgtidlege markeringa av Vestland fylke 15. oktober. (Foto: Richard Mortel/Wikimedia Commons)

Ti innbyggarar i Vestland til historisk markering

Vestland fylkesting blir konstituert tysdag 15. oktober, i starten av det to dagar lange møtet. Til den høgtidlege markeringa i Håkonshallen same kveld er det òg gjort rom for ti innbyggarar frå Vestland.


– Sjølvsagt måtte vi invitere med ti innbyggarar frå det flotte nye fylket vårt. Dette blir ein kveld for historiebøkene, seier leiar og nestleiar av fellesnemnda, Anne Gine Hestetun og Jenny Følling.

Dei to fylkesordførarane har leia arbeidet med samanslåinga av dei to fylka fram til konstitueringa.

Talar, underhaldning og ny fylkesordførarkjede
Det blir både talar, underhaldning og god mat under den høgtidelege markeringa i Håkonshallen. Eit stort historisk augeblikk blir det når den nye fylkesordføraren får på seg den nye fylkesordførarkjeda for første gong.

Dei heldige ti innbyggarane som får sjå det og bli med på den flotte markeringa av Vestland er:

Per Normark, Vaksdal
Mariann Hatlenes, Stårheim
Svein Rune Gimmestad, Sandane
Kaspar Knudsen, Bergen
Ragnhild Midtbø, Flora
Jørgen Røsøvåg Nesje, Stryn
Håvard Lunde, Uskedalen
Emil Brimsholm, Bergen
Øivind Rasmussen, Bergen
Knut Henning Litsheim, Kyrkjebø

Det var i midten av september at innbyggarane i Hordaland og Sogn og Fjordane vart inviterte til å bli med i Håkonshallen. Dei som hadde lyst å bli med sende e-post for å melde si interesse, og dei ti over blei så trekte ut ved loddtrekning.

Stiller i vossabunad
Ragnhild Midtbø frå Nordalsfjorden i Flora gler seg. Ho er fødd på Evanger i Voss og budde der dei første 24 åra av livet sitt. No har ho budd over 40 år i Nordalsfjorden. I Håkonshallen stiller ho i vossabunad.

– Dette blir ei oppleving å få vere med på, og på historisk grunn. Eg tykkjer det er veldig positivt at desse fylka no blir slått saman. Vi har det same vestlandske folkelynnet, og eg tykkjer det er ei positiv utvikling i begge fylka, seier Midtbø.

Kaspar Knudsen frå Bergen er ein av dei andre som er trekte ut. Han jobbar som journalist i lokalavisa Bygdanytt i Arna og Osterøy, og blei interessert då e-posten om ti publikumsplassar i Håkonshallen dukka opp.

– Eg tenkte «kvifor ikkje?», og eg trur det blir ein spennande og kjekk kveld. Det kan jo også vere interessante folk å snakke med der med tanke på jobben min, seier han.

Over 200 gjester
Det blir til saman over 200 gjester i Håkonshallen 15. oktober. Både nye fylkespolitikarar for Vestland og dei sitjande i Hordaland og Sogn og Fjordane er inviterte.

Det er også alle ordførarane frå dei 43 kommunane i Vestland, representantar frå næringsliv, organisasjonar og frivilligheita. Kommunal- og moderniseringsminister Monica Mæland deltek på markeringa, og det blir helsingar frå både ho og ei rekke andre.