Testar bærplukkarar for koronasmitte

Gloppen kommune har testa mange utanlandske bærplukkarar for koronaviruset denne veka.

Illustrasjonsfoto arkiv.

No er i alt 276 personar i kommunen testa sidan testinga starta i mars.

Berre 3 har fått positivt prøvesvar, 253 har fått negativt svar.

20 personar ventar på svar på prøven sin.