Telefonnettet er tilbake

Telenor melder no at dei fleste som siste timane har vore utan telefon, har fått signala tilbake.

– Telenor har no ruta om trafikken, slik at store deler av mobiltrafikken skal være inne igjen. Det kan være nokre enkeltområder som har redusert dekning, men majoriteten av mobiltrafikken skal fungere som normalt, melder teleselskapet.

Tusenvis av abbonentar har no fått telefonsambandet tilbake. Foto: Hallstein Dvergsdal

Jobbar med retting

Telenor jobber også med å finne midlertidig reservelinje for breibandstenester, og det blir arbeidd vidare med permanent retting av dei to feilsituasjonane i Vestland fylke. Mesteparten av problema skuldast graving langs E-16 på Voss, men der også feil på ein sjøkabel. Sjøkabelen er komplisert å skøyte og arbeidet vil halde fram gjennom helga.

Når det gjeld feilen på Voss, der ein fiberkabel er graven av, vil entreprenør arbeide kontinuerleg til feilen er retta.

– Begge brot skuldast at eksterne aktørar har uforvarande har påført skade på kablane. På Voss handlar det om graving i samband med vegarbeid, opplyser Telenor.