– Kjærleiksskogen er stilig, meiner generalsekretær i DNT, Nils Øveraas.

Tapte sitt hjerte til Trivselsskogen

– Eg er her fordi eg har hatt besøk av ein veldig entusiastisk næringssjef på kontoret, seier Nils Øveraas og legg til at entusiasmen er forståeleg.

Den entusiastiske næringssjefen han siktar til, er Knut Roger Nesdal. Han har tidlegare presentert prospektet for generalsekretæren og invitert han til skogs. Då Øveraas var på vitjing, var Nesdal på ferie, men før turen i Trivselsskogen var ferdig, tikka det inn ein sms til generalsekretæren med spørsmål om kva han syns.

– Eg forstår entusiasmen. Det er viktig å ha eit slikt anlegg i nærmiljøet. DNT har tidlegare fokusert mest på turar høgt oppe og langt inn i fjellet, men i den siste tida har vi vore meir opptekne enn tidlegare av folkehelse og tilbod nær folk, seier Nils Øveraas og opplyser at det er montert 16.000 skilt for å merkje turstiar i Noreg dei siste åra.

Her kjem Trivselsskogen inn som eit nasjonalt pilotprosjekt for nærturar.

– Og DNT har hengt seg på fordi vi trur på prosjektet og har lært at det alltid er lurt å samhandle med entusiastar. Då skjer det ting, seier Øveraas.

Les meir i papirutgåva fredag.