Talet på bilmerke aukar kraftig i Noreg
Den norske bruktbilmarknaden har vorte mykje meir mangfaldig dei siste åra. Ifølgje tal frå Finn har mengda bilmerke blant nyare bruktbilar auka frå 63 i 2020 til 90 i 2026 – ein vekst på nær 43 prosent.
Elektrifiseringa av bilparken er ei viktig årsak til utviklinga. Talet på elbilar her i landet auka frå rundt 340.000 i 2020 til over 945.000 i 2025, og passerte éin million i løpet av 2026.
Sjølv om stadig fleire bilmerke gjer sitt inntog, er det framleis dei etablerte merka som dominerer bruktmarknaden. Volkswagen er størst på FINN med 9,1 prosent av bilane som er selde eller avpubliserte, framfor Toyota, BMW, Mercedes-Benz og Volvo.
- Det har komme mange nye merke og langt fleire modellar å velje mellom, men vi ser samtidig at dei etablerte bilmerka framleis står veldig sterkt i bruktmarknaden. Det er interessant kor stabil toppen faktisk har vore over tid, seier Terje Dahlgren, marknadsekspert hos Finn i ei pressemelding. (©NPK)