Skjermdump av ein av svindelpostane.

Svindelforsøk mot BKK-kundar

Fleire BKK-kundar har dei siste dagane mottatt e-post frå nokon som gjev seg ut for å vere BKK.

— I e-posten vert det hevda at du har betalt ei rekning to gongar. Svindlarane ber deg så klikke på ei lenkje for å få pengane tilbake. Dette er rein svindel frå kriminelle som ønskjer å stele pengane dine, seier Karsten Duus Wetteland, leiar for informasjonssikkerheit i BKK, i ei pressemelding.

BKK har dialog med politiet, og svindelforsøket vil bli meldt. E-posten inneheld BKK-logo som gjev inntrykk av at BKK er avsendaren.

Artikkelen held fram under annonsen.

— BKK vil aldri sende ut informasjon på denne måten via e-post. Ser ein nærare på e-posten, vil ein oppdage at e-postadressa ikkje har noko med BKK å gjere og at beløpet svindlarane seier du har til gode er i ein annan valuta, forklarer Duus Wetteland.

Leiaren for informasjonssikkerheit åtvarar folk mot å klikke på lenkjer i e-posten, og ber folk slette den umiddelbart.

— Kundar som har mottatt e-posten treng ikkje sende den til oss, seier Duus Wetteland.

BKK veit ikkje kven som står bak svindelforsøket. Selskapet har ingen teikn til innbrot i systema sine. Karsten Duus Wetteland trur svindlarane har brukt BKK sin logo i ei massiv utsending av e-postar.

— Dette er eit klassisk svindelforsøk via e-post. Vi trur dei har sendt ut til ei rekkje personar i håp om at nokon går på. Dessverre viser historia at mange nordmenn kvart år lar seg lure av svindelforsøk på nett. Heldigvis har vi hatt nokre årvakne kundar som melde tidleg frå. Vi håpar det kan hindre at nokon blir svindla, seier han.