Svært glatte vegar

Omslaget frå frost i natt til mildvêr og regn utover 1. nyårsdag, har ført til at det er svært glatt mange stader.

I Austrheimsbakkane, like utanfor Sandane sentrum, har det danna seg ei tynn og såpeglatt ishinne som har gjort at mange bilar har hatt store problem med å kome seg opp. Vegen ser tilsynelatande berr ut, men realiteten er ein heilt annan.

Ta ikkje ut om du ikkje må, og køyr forsiktig!