Statsminister Jonas Gahr Støre (Ap) (t.h.), finansminister Trygve Slagsvold Vedum (Sp) og Audun Lysbakken (SV) (t.v.) under pressekonferansen i vandrehallen på Stortinget etter at partia vart samde i forhandlingane om statsbudsjettet. Foto: Annika Byrde/NTB/NPK.

SV: Reverserer usosiale kutt frå Solberg-regjeringa

SV-leiar Audun Lysbakken trekkjer fram at budsjettsemja med regjeringa fjernar mange usosiale kutt frå den førre regjeringa.

– Etter mange år med forlik som har gitt mest til dei som har mest, har vi no ei semje som reverserer det eine usosiale kuttet etter det andre som Erna Solberg har gjennomført, seier Lysbakken.

Han ramsar mellom anna opp kuttet i barnetillegget for uføre, kutt i friinntekta for uføre og fjerninga av brillestøtta for barn som usosiale kutt som no blir fjerna.

Artikkelen held fram under annonsen.

I tillegg blir bustøtta auka, medan det skal leggjast fram ei lovendring om at barnetrygda skal haldast utanom ved utrekning av sosialhjelp.

(©NPK)