SVs finanspolitiske talsperson og budsjettforhandlar Marthe Hammer og nestleiar Lars Haltbrekken under eit møte med miljøorganisasjonar etter at regjeringa la fram budsjettforslaget sitt.

SV og MDG tek gruveavfall inn i budsjettforhandlingane

Utsleppsløyvet for gruveavfall i Førdefjorden må trekkjast tilbake, meiner SV og MDG. No varslar dei at kravet blir med inn i forhandlingane om statsbudsjettet.

Publisert Sist oppdatert

– Regjeringa har behandla Førdefjorden som ein søppelplass, vi kan ikkje la regjeringa skrote rettsstaten òg, skriv SV-nestleiar Lars Haltbrekken i ein e-post sendt til NTB.

Han varslar no to krav inn mot regjeringa i dei kommande forhandlingane om statsbudsjettet for neste år:

* Utsleppsløyvet til Nordic Mining for å dumpe gruveavfall i Førdefjorden blir trekt tilbake.

* Det må innførast forbod mot dumping av gruveavfall i norske fjordar.

– SV vil gjere det vi kan for å stoppe denne forureiningsskandalen og gjenreise tilliten til den norske rettsstaten, seier Haltbrekken.

Fekk ja av regjeringa

Selskapet Nordic Mining fekk i slutten av september eit mellombels løyve frå regjeringa til å dumpe gruveavfall i Førdefjorden i minst tre år framover.

Løyvet kom etter at Høgsterett i sommar hadde bestemt at det tidlegare utsleppsløyvet var ugyldig.

Miljørørsla har reagert sterkt på vedtaket.

Dei siste dagane har saka fått ny merksemd etter at gruveselskapet Nordic Mining gjekk ut og varsla at dei kan bli nøydde til å krevje seg konkurs. Bakgrunnen er mangel på kortsiktig likviditet.

MDG: – Vanskeleg for regjeringa å komme utanom

Demonstrantar under ein aksjon mot Nordic Mining tidlegare i månaden.

Også MDG har varsla at dei tek gruveavfallet inn i budsjettforhandlingane, og at dei vil prioritere saka høgt.

– Dette vil bli svært vanskeleg for regjeringa å komme utanom, seier stortingsrepresentant Marius Dalin i MDG til NRK.

Han meiner at saka høyrer heime i budsjettforhandlingane, sjølv om utsleppsløyve ikkje er nokon budsjettpost.

– I statsbudsjettet er det litt tal og enorme mengder tekst som seier korleis politikk skal vere. Vi meiner det er heilt feil å hevde at det ikkje har noko med budsjett å gjere, seier Dalin.

Frå før av har både MDG og SV varsla at ei anna miljøsak skal inn i budsjettforhandlingane: Dei krev også at regjeringa må seie nei til å leite etter olje i Arktis. (©NPK)

Powered by Labrador CMS